– Vi skal ta betre vare på det vi har
Regjeringa prioriterer i alt 484 milliardar kroner til drift, vedlikehald og mindre investeringstiltak i transportinfrastrukturen i ny Nasjonal transportplan. Dette utgjer 40 prosent av den totale økonomiske ramma. .
– Dette er ein auke samanlikna med føregåande transportplan, der drift, vedlikehald og mindre investeringstiltak utgjorde 34 prosent, skirv Samferdselsdepartementet i ei pressemelding.
– Vi må sørge for at vegar og jernbane fungerer i kvardagen. Dermed må vi bruke meir pengar på drift og vedlikehald og mindre investeringstiltak og mindre på store investeringar. Denne regjeringa fører ein ansvarleg transportpolitikk og prioriterer å ta vare på den eksisterande infrastrukturen vår, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.
– Etterslep i vedlikehaldet av transportinfrastruktur og meir ekstremvêr set krav til at drift og vedlikehald må prioriterast framover. Totalen av tiltaka i ny NTP vil også bidra til betre samfunnstryggleik og beredskap, skriv departementet.
Pengane til drift og vedlikehald av riksvegnettet som Statens vegvesen forvaltar, er auka til 12,2 milliardar kroner i gjennomsnitt for kvart år i perioden. Til samanlikning ligg drift og vedlikehald av riksveg på 9,7 milliardar kroner i budsjettet for 2024. Nye Veier AS sørger for drift og vedlikehald av riksvegane dei har bygd.
– Regjeringa ønsker å ta vare på heile vegnettet. Derfor er meir pengar til drift og vedlikehald naudsynt for både trafikktryggleik, framkomme, oppetid og for ivaretaking av dei infrastrukturverdiane som er vegane vår, seier Nygård.