Jernbanedirektoratet fraråder å bygge jernbane fra Fauske og nordover til Tromsø.
Foto: Per-Inge Johnsen / NTBPer-Inge Johnsen / NTB
Prioriterer nær 436 milliardar kroner til jernbane
Regjeringa prioriterer nær 436 milliardar kroner til jernbane i ny nasjonal transportplan. Av dette er 205 milliardar kroner til drift, vedlikehald, fornying og mindre investeringar.
– I gjennomsnitt utgjer dette drygt 17 milliardar kroner per år i 12-årsperioden, ein auke på 62 prosent samanlikna med nivået for 2024, skriv departementet.
– Det er bra at grøn togtransport er populært. Samtidig fører auka trafikk og mykje gamal infrastruktur til at talet på forseinkingar og innstillingar er for høgt. Vi skal framleis byggje nytt, men framover prioriterer vi å vri innsatsen til fordel for vedlikehald, fornying og mindre investeringar på jernbanen som vi allereie har. Målet er at toga skal følge rutetabellane. Det er heilt avgjerande for folks tillit til jernbanen, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.
Nær 154 av 436 milliardar kroner er prioritert til store investeringar. Av dette er om lag 95 milliardar kroner sette av til nye tiltak i planperioden, medan resten skal brukast til å fullføre pågåande prosjekt.