Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård. Foto: Henrik Jonassen/SD
Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Kvinnheradpakken klar for Stortinget

Proposisjonen om finansieringa av Kvinnheradpakken vert fredag lagt fram i statsråd. Det vil seia at pakken no skal handsamast i Stortinget.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over to år gammel.

– Det skal setjast i gang vegarbeid rundt omkring i Noreg, også på fylkesvegane våre. Mange vegar i Kvinnherad kommune i Vestland er ikkje tilpassa dei krava til standard som gjeld i dag. Gjennom Kvinnheradpakken legg vi til rette for at fleire av desse vegane kan bli utbetra dei komande åra. No sender vi pakken til handsaming i Stortinget, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård i ei pressemelding.

Politikarane i fylkeskommunen og kommunen er einige om innhaldet i pakken. Det gjeld både kva for vegar som skal bygjast ut og korleis pakken skal finansierast. Pakken inneheld sju tiltak, der seks er utbetringar av fylkesvegar og eitt gjeld mindre trafikktryggleikstiltak i kommunen.

Det er lagt opp til at bompengeinnkrevjing skal gjerast på ferjesambanda Ranavik–Skjersholmane, Gjermundshamn/Varaldsøy–Årsnes og Skånevik–Utåker/Matre. Dette vil gje låge innkrevjingskostnader. Forslaget kan føra til at ferjetakstane aukar 2022.

Bompengeinnkrevjinga vil etter planen vare i 15 år.

Powered by Labrador CMS