Over 50 millionar til verneverdige kulturminne

Norsk kulturminnefond er et statleg forvaltningsorgan direkte underlagt Klima- og miljødepartementet, som gjev økonomisk og fagleg støtte til å ta vare på verneverdige kulturminne.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over ti år gammel.

Private eigarar, frivillige organisasjonar og kommunar kan søke om midlar for eigne eigde kulturminne. Statistikken viser at avstanden mellom søknader til Kulturminnefondet og tilsegn aldri har vore større enn ved denne søknadsrunden.

Veksten i søknadsmengda er om lag 20 % sett i forhold til tidlegare år. Samla søknadsbeløp er på 209 millionar, medan det i år var 54,5 mill til fordeling.

Med andre ord har fondet fått inn søknader om midlar til langt fleire prosjekt enn det er mogleg å imøtekoma med dagens ramme over statsbudsjettet. Stortingets nasjonale mål er å minimere bortfallet av verneverdige kulturminne.

Kulturminnefondets styre har nyleg hatt tildelingsmøte og det var i år flest søknader frå Hedmark og Oppland.

- Vi manglar ikkje gode prosjekt, men vi manglar midlar for å støtte fleire kulturminnetiltak, seier direktør Simen Bjørgen i Norsk kulturminnefond, som vonar det vert auka rammer i neste års statsbudsjett.

- Erfaringane viser at omtrent kvar krone vi gjev til eit prosjekt, kjem tre kroner attende frå private, det vere seg i form av pengar eller dugnadsinnsats, påpeikar han.

Søknadsfristen for neste tildelingsrunde er 1.november 2014. Fondet har også innført ei prøveordning med økonomisk støtte til skadeførebyggande tiltak. Her vert søknadane handsama fortløpande og vi kan yte tilskot på inntil 50 % av kostnaden og maksimalt 30.000 pr. prosjekt.

Powered by Labrador CMS