Lars Mamen i Fair Play Bygg Oslo og omegn. Arkivfoto.
Lars Mamen i Fair Play Bygg Oslo og omegn. Arkivfoto.

Organisasjonen kjempar mot byggekrim – no får dei to millionar til arbeidet

Regjeringa foreslår å auke tilskotet til Fair Play Bygg med to millionar kroner i revidert nasjonalbudsjett. Det vil erstatte pengar som organisasjonen har mista frå andre støttespelarar.

Publisert Sist oppdatert

– Samtidig som det norske arbeidslivet blir utfordra av useriøse aktørar, har ei rekke høgrestyrte kommunar kutta støtte til Fair Play Bygg sitt arbeid mot arbeidslivskriminalitet. No foreslår regjeringa å dobla tilskotet. Arbeidet som Fair Play Bygg gjer mot sosial dumping og arbeidslivskriminalitet er viktigare enn nokon gong, og må styrkast, seier arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna i ei pressemelding.

Fair Play Bygg er eit topartssamarbeid mellom arbeidsgjevar- og arbeidstakarsida.
Dei motverkar utfordringar som sosial dumping og arbeidslivskriminalitet. Fair Play Bygg blir finansiert gjennom frivillig løyving og donasjonar.

Det samla tilskotet blir med løyvinga i revidert nasjonalbudsjett dobla til fire millionar kroner.

– Eit seriøst arbeidsliv må skje i fellesskap mellom styresmaktene og partane i arbeidslivet. Ved å auke støtta til Fair Play Bygg kan vi styrke arbeidet til partane i arbeidslivet ved å gi informasjon og rettleiing om useriøse aktørar til utsette arbeidsgjevarar- og arbeidstakarar, og til styresmaktene, seier Brenna i meldinga frå regjeringa.

Daglig leiar i Fair Play Bygg Oslo og omegn, Lars Mamen, er nøgd med pengane som kjem i revidert nasjonalbudsjett.

– Det er ei veldig hyggeleg anerkjenning av det arbeidet vi gjer. Men det er ikkje slik at dette fører til meir pengar inn til organsasisjonen. I første rekke ersattar desse midlane pengar vi har mista frå andre bidragsytarar, seier Mamen til Byggeindustrien.

Organisasjonen opplever at støtta frå ein del kommunar går ned, men også andre bidragsytarar har kutta løyvingar den siste tida.

– Byggebransjen står i ei vanskeleg tid med nedskjeringar og nedbemanningar. Difor har også andre bidragsytarar blitt nøydd til å kutte løyvingar til oss, seier Mamen.

– Men med desse pengane kan de oppretthalde dagens nivå?

– Ja, det er riktig. Men vi er fortsatt avhengige av og interesserte i å finne nye samarbeidspartnarar og støttespelarar som kan hjelpe oss økonomisk i vårt arbeid, seier Mamen.

Powered by Labrador CMS