Jobben skjer på austsida av E16 Flenjatunnelen, mot Flåm. Foto: Morten Ørbech Mo, Statens vegvesen
Jobben skjer på austsida av E16 Flenjatunnelen, mot Flåm. Foto: Morten Ørbech Mo, Statens vegvesen

Oppdaga sprekker – nattestenger E16 ved turistmagnet for å ta ned steinblokk

Statens vegvesen må fjerne ei steinblokk i fjellsida ved E16 Flenjatunnelen, på austsida mot turistmagneten Flåm i Sogn.

Det var i samband med ein rutinemessig geologisk inspeksjon det vart oppdaga sprekker bak ei steinblokk.

– For trafikktryggleiken sin skuld ser vi oss nøydde til å ta vekk blokka, seier byggjeleiar Morten Ørbech Mo i Statens vegvesen i ei pressemdling.

Jobben skal gjerast natt til fredag denne veka.

– I samband med rigging av jobben (sikring av tunnelportal, skilt og tekniske installasjonar), blir det kontinuerleg ledebilkøyring i området frå klokka 18.00 torsdag. Frå midnatt stengjer me vegen, og den blir stengd til vi har fått ned blokka, og rydda eitt køyrefelt. For naudetatar freistar vi å få opp eit køyrefelt så snart som mogleg, sier Mo i meldinga.

Ifølgje Statens vegvesen har dei eit strengt inspeksjonsregime på landets riks- og europavegar.

– Ved å ha inspeksjonar med faste intervall har me oversikt over tilstanden på og ved vegen. Då avdekkjer me tilhøve som dette, og har grunnlag for å setja inn rett tiltak til rett tid. I dette høvet er det riktig å ta ned steinblokka med ein gong, slik at vi skal kunna tilby trafikantane trygg veg. Vi forstår at stengd veg kan skapa konsekvensar for trafikantane, men konsekvensane kan bli større viss me ikkje gjer dette, seier Morten Ørbech Mo.