Momskompensasjon for bygging av idrettsanlegg aukar med 10 millionar

Regjeringa foreslår å auke løyvinga til kompensasjon av meirverdiavgift ved bygging av idrettsanlegg med 10 millionar kroner.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over ti år gammel.

Den samla løyvinga til dette formålet er 65,8 millionar kroner.

- Bygging av idrettsanlegg er eit stort økonomisk løft for mange lag og foreiningar, seier kulturminister Thorhild Widvey. Formålet med kompensasjonsordninga er å lette finansieringa og stimulere til brei utbygging av idrettsanlegg. Talet på søknader aukar og syner at ordninga fyller eit stort behov, seier kulturministeren.

Powered by Labrador CMS