Regjeringa føreslår 150 millionar kroner til krise- og hastetiltak i 2022, mellom anna til gjennomføring av tiltak etter kvikkleireskredet i Gjerdrum. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
Regjeringa føreslår 150 millionar kroner til krise- og hastetiltak i 2022, mellom anna til gjennomføring av tiltak etter kvikkleireskredet i Gjerdrum.

Meir til flom- og skredforebygging

I statsbudsjettet for 2022 føreslår regjeringa over 660 millionar kroner til flaum- og skredførebygging på Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) sitt budsjett, inkludert drift. Dette er ei auke på om lag 60 millionar kroner.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over tre år gammel.

– Igjen aukar vi NVE sine løyvingar til det viktige arbeidet med å førebygge flaum- og skredskader. Auka vil gje meir kartlegging og sikring, og NVE får større kapasitet til å følge opp kommunane, seier olje- og energiminister Tina Bru i ei pressemelding.

Regjeringa føreslår 150 millionar kroner til krise- og hastetiltak i 2022, mellom anna til gjennomføring av tiltak etter kvikkleireskredet i Gjerdrum. Videre vert det føreslått 25 millionar kroner til skredsikring under Sukkertoppen i Longyearbyen over Justis- og beredskapsdepartementet sitt budsjett (Svalbardbudsjettet).

— Løyvingane til førebygging av flaum- og skredskader under denne regjeringa har vore betydelege, og vi veit det er eit stort behov. Dette er eit langsiktig arbeid der NVE prioriterar der behovet er størst, fortset Bru.

– I etterkant av det tragiske skredet i Gjerdrum i desember 2020 oppnemnde regjeringa eit offentleg utval som mellom anna skulle sjå på årsakene til skredet. Gjerdrumutvalet leverte den første delrapporten 29. september, og vi har fått svar på kva som forårsaka skredet. Like viktig er utvalet sitt vidare arbeid med å vurdere førebygging av øydeleggande kvikkleireskred i heile landet. Utvalet skal levere ein samla rapport i form av ei offentleg utreiing (NOU) innan 31. januar 2022. Først då har vi eit betre grunnlag for å vurdere om det bør gjerast endringar i regelverk eller praksis, skriv departementet.

Powered by Labrador CMS