Lars Georg Backer, administrerende direktør i Lønnheim Entreprenør AS (t.v.) og Olaf Dobloug, direktør Forsvarsbygg kampflybase.

Lønnheim bygger mannskapsforlegning på Ørland forForsvarsbygg

Forsvarsbygg har inngått kontrakt med Lønnheim Entreprenør AS om oppføring av mannskapsforlegning på Ørland hovudflystasjon.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over fem år gammel

– Avtalen om oppføring av mannskapsforlegningen er eit viktig steg for å sikre nok bustader i ut-viklinga av flystasjonen. Vi er nøgde med å kunne leggje til rette for bustader både inne på flystasjonen og utanfor. Forsvarsbygg har og prioritert mannskapa heile vegen med modernisering av eksisterande kasernar, seier Olaf Dobloug, direktør i Forsvarsbygg kampflybase.

Kontrakten har en verdi på 51,2 millioner kroner.

Etter vedtaket om å etablere kampflybasen på Ørland er det satt eit styrka fokus på butilhøva for personell tilknytt Forsvaret.

- Satsinga på gode butilhøve representerer eit langt steg mot målsetjinga om å skape bu- og arbeidslyst for dei som jobbar på Ørland. Vi er nøgde med interessa for oppdraget, og det er gledeleg at ein entreprenør utanfor Trondheimsområdet syner seg konkurransedyktig, seier Dobloug.

Kontrakten med Lønnheim Entreprenør AS, som er ein totalentreprise, omfattar oppføring av forlegning i to etasjar med loft utan kjeller, ca. 2210 kvm BTA. Total kapasitet er 180 nye sengeplasser fordelt på 30 stk. 6-manns rom. Prosjektet vart godkjend i Stortinget i desember i fjor. Byggestart er planlagt i byrjinga av juni, med ein byggetid på om lag ni månader.

Neste etappe med omsyn til butilhøve vert bygging av nye befalsforleg

F.v. OBLT Olav Ramberg, NK 138 LV, Lars Georg Backer, administrerende direktør Lønnheim Entreprenør AS, Bjørn Gunnar Remmem, prosjektleder Lønnheim Entreprenør AS, Øyvind Wiklem, prosjektleder Forsvarsbygg kampflybase og Olaf Dobloug, direktør Forsvarsbygg kampflybase. Foto: Øyvind Wiklem.
Powered by Labrador CMS