Ørjan Kongsvik Aall
Ingvild Vaadal og Ørjan Kongsvik Aall. Foto: Privat

Innlegg: Klimalova må favne breiare

I desse dagar vert Noregs klimalov oppdatert. Dette er ei gyllen moglegheit til ikkje berre å skjerpe klimamåla, men også inkludere eit breiare perspektiv som fangar opp dei reelle utsleppa bygg- og anleggsbransjen bidreg til. Kvifor? For å sikre at alle dei gode tiltaka vi gjer, faktisk blir med i reknestykket, og for å synleggjere Noreg sitt bidrag til Parisavtalen og 1,5-gradersmålet.

Innlegg av:

Bærekraftsansvarlig Ingvild Vaadal og klimastrateg Ørjan Kongsvik Aall i Rambøll.

Produksjonsbasert vs. forbruksbasert klimarekneskap

I dag måler Noreg sine utslepp utelukkande ut frå det som skjer innanfor landegrensene. Men mykje av våre utslepp oppstår utanfor desse grensene, gjennom import av varer og tenester. Dette gjeld spesielt bygg- og anleggsbransjen, som ifølgje forbruksbaserte berekningar i 2020 stod for over 9 millionar tonn CO2e, eller rundt 13 % av dei totale utsleppa. Det er nesten like mykje som norsk olje- og gassutvinning bidrog med i det nasjonale produksjonsbaserte klimarekneskapet, med 13 millionar tonn CO2e.

Figur 1 - Klimafotavtrykk i 2020 fordelt på sektorer og opprinnelsesregion. Kjelde: Miljødirektoratet
Figur 1 - Klimafotavtrykk i 2020 fordelt på sektorer og opprinnelsesregion. Kjelde: Miljødirektoratet

Forbruksbaserte berekningar gir eit meir heilskapleg bilete av klimafotavtrykket til bransjen vår og er godt kjent gjennom standardar som NS 3720 - klimagassberekningar for bygg. Dette perspektivet vil ikkje berre gi eit meir rettferdig rekneskap for Noreg sitt ansvar, men også gi byggebransjen klare signal om korleis vi kan måle og redusere utsleppa. Tiltak vi allereie arbeider med gjennom TEK, BREEAM og FutureBuilt kan dermed bli ein del av det nasjonale klimarekneskapet og ikkje berre bli lagde i ei skuff.

Om ikkje Noreg, kven då?

Sidan referanseåret 1990 har dei nasjonale utsleppa gått ned med 9 %, og målet vårt for 2030 er 55 % reduksjon. I høyringsutkastet til den nye klimalova opnar regjeringa for eit utsleppskutt i 2035 på mellom 55 % og 80 %. Dette er i realiteten ei oppmoding om å utsette 2030-målet vårt med fem år. Samtidig viser forsking at utsleppa må ned med minst 65 % globalt innan 2035 for å oppfylle Parisavtalen.

Vår anbefaling, i tråd med Miljødirektoratet, er at Noreg må gå i front med eit ambisiøst mål: minst 80 % kutt innan 2035. Noreg har ei unik rolle i klimakampen – ikkje berre i kor mange tonn CO2 vi kuttar, men gjennom eksempelets makt. Om ikkje eitt av verdas rikaste land, som har bygd sin rikdom på fossil energi, klarer dette, kven skal då gjere det?

Byggebransjen syner veg

Eit lovverk som inkluderer forbruksbaserte utslepp og stiller utsleppskrav i tråd med Parisavtalen, vil gjere meir enn berre å kutte utslepp. Det vil posisjonere Noreg som ein leiande aktør innan grøn byggjeteknologi. Eit godt døme på at vi har klart dette før, er utsleppsfrie anleggsplassar, som har blitt ein realitet takka vere tydelege statlege krav og insentiv.

No kan vi få til tilsvarande ambisiøse tiltak innan heile bygg- og anleggsbransjen. I byggebransjen har mange prosjekt å hente inspirasjon ifrå. Berre sjå til eit kvart FutureBuilt-prosjekt. Her skal alle prosjekt kutte meir enn kva Parisavtalen tilseier.

Figur 2 - Grafisk framstilling av FutureBuilt sitt ZERO-rammeverk for bygg. Kjelde: FutureBuilt
Figur 2 - Grafisk framstilling av FutureBuilt sitt ZERO-rammeverk for bygg. Kjelde: FutureBuilt

Tida for handling er no

Klimakrisa krev modige val frå politikarar, næringslivet og samfunnet elles. Ei oppdatert klimalov som inkluderer forbruksbaserte utslepp og set eit mål om minst 80 % utsleppskutt innan 2035, vil ikkje berre sette retning for Noreg. Ho vil også gi byggebransjen dei verktøya ho treng for å bli ein motor i den grøne omstillinga.

No må vi bestemme oss: Vil vi ta ansvar for dei utsleppa vi faktisk bidreg til og vise veg, eller halde fram med å rekne oss ut av problemet?

Ynskjer du og di bedrift å sende inn høyringsinnspel? Fristen er 1. januar 2025.

Dette er et leserinnlegg og meninger i innlegget står for forfatterens regning.

Powered by Labrador CMS