Lars Mamen er prosjektleiar for Fair Play Bygg Oslo og omegn.
Foto: Stefan Offergaard
Innlegg: Juks med tenestepensjon for milliardar
Nesten 300.000 arbeidstakarar i privat sektor manglar tenestepensjon, skriver Lars Mamen, prosjektleiar i Fair Play Bygg Oslo og omegn i dette innlegget.
Lov om obligatorisk tenestepensjon (OTP-loven) seier at føretak skal opprette tenestepensjonsordning og melde sine tilsette inn i denne. Innskotet til tenestepensjonen skal tilsvara minimum 2 prosent av løna mellom 1 og 12 G. Det er visse unntak i dagens lov, blant anna for ungdom under 20 år, tilsette under 20 prosent stilling og arbeidstakarar i føretak som sysselsett mindre enn 75 prosent av eit årsverk. Alle andre skal meldast inn i tenestepensjonsordninga.
Fair Play Bygg Oslo og Byggebransjens Uropatrulje i Trondheim har funne at mange arbeidstakarar ikkje blir innmeldt i tenestepensjonsordninga. Mange av desse er utanlandske og ikkje kjent med det norske regelverket rundt pensjon. Vi har derfor sett på tala for tenestepensjon. Resultatet var skremmande: av 1,779,798 lønstakarar i privat sektor i 4. kvartal 2018 (tabell 11653 hos ssb.no) har 1,400,823 innskotspensjon og 80,883 har ytelse- eller hybridpensjon i følgje Finans Norge. Dette gjev eit misforhold på 298.092!
Nesten 300.000 arbeidstakarar i privat sektor manglar altså tenestepensjon.
Nokon av desse er ikkje omfatta av lova (20 år grensa, 20% prosent stilling eller arbeider i små føretak), men likevel blir over 200.000 arbeidstakarar lurt for sin pensjon.
Når ein multipliserer dette talet med gjennomsnittleg inntekt minus 1 G finn vi at det manglar pensjonsinnskot for over 1.800.000.000 kr! (Klassekampen 10.05.2019)
I tillegg til at dette er tjuveri av pensjonskapital er det også ein stor konkurransefordel for føretak som bryt lova. Kontroll av at arbeidsfolk får pensjonsinnskot må derfor utførast av bedrifter og byggherrar som ynskjer å unngå sosial dumping og A-krim på sine byggjeplassar.
For å forenkle kontrollen av dette har Fair Play Bygg Oslo og omegn saman med Byggebransjen Uropatrulje føreslått at det etablerast eit register der bedrifter med lovleg pensjonsordningar står oppført kopla saman med arbeidstakarregisteret, slik at innkjøparar lett kan finne ut om bedrifta har tenestepensjon og melder dei tilsette inn i ordninga.
Fair Play Bygg Oslo er nøgd med at Oslo kommune no seier at dei skal ta dette inn i «Oslo-modellen», og kontrollere at bedriftene har lovleg tenestepensjon.
Brot på regelverket om pensjon og manglande pensjonsinnskot må reknast som arbeidslivskriminalitet. Det bør vera greitt å avdekke denne forma for svindel: Spør om kva for pensjonsordning føretaket har og kva for rutinar det er etablert for å melde arbeidstakarar inn i ordninga. Dersom nokon ikkje kan svare på dette, er det god grunn til å velja ein anna bedrift.