Løyve til å bygge Årvik kraftverk
NVE gjev Småkraft AS løyve til å bygge Årvik kraftverk i Årvikelva, Kvinnherad kommune i Hordaland.
Denne artikkelen er over ti år gammel.
Kraftverket er eit reint elvekraftverk med ein årleg produksjon på om lag 18 GWh, noko som tilsvarar strømforbruket til rundt 900 husstandar. Utbygginga vil nytte ei fallhøgde på 203,5 meter og går over ein om lag 950 meter lang strekning i elva. Prosjektet har bestått av to alternativ. Det eine (A) med eit inntak like ovanfor fossen Kvitingen, det andre (B) med eit inntak nedanfor fossen. Av omsyn til fossens verdi som sentralt landskapselement i elva, er det gjeve konsesjon til alternativ B. Av omsyn til det biologiske livet i elva, skal det sleppast 100 l vatn/s frå inntaket i perioden 15. mai til 15. september. Dei tekniske inngrepa vil i hovudsak omfatte inntaksdam/ -basseng, røyrgate og kraftstasjonsområde. NVE vurderer utbygginga med dei avbøtande tiltaka til å vere akseptabel i høve til allmenne interesser.