Høgt tilsig og god magasinfylling
Vi er no inne i ein periode av året der snøsmelting fører til høge tilsig til det norske vasskraftsystemet.
Denne artikkelen er over ti år gammel.
Tilsiget var 7,6 TWh i veke 22, og det svarer til kraftforbruket i Noreg i tre veker.
Summert hittil i år har tilsiget vore 47 TWh. Det er 10 TWh eller 21 prosent meir enn normalt for perioden. Fyllingsgraden er no 7,2 prosentpoeng høgare enn normalt. Gjennom veke 22 auka magasinfyllinga med 6,3 prosentpoeng til 54,4 prosent.
Det er no 7,8 TWh meir energi lagra i magasina enn for eitt år sidan. Den svenske magasinfyllinga er 56,9 prosent, etter ein auke på 5,6 prosentpoeng gjennom veka. Den norske vasskraftproduksjonen auka med tre prosent frå veke 21 til 22, mens det var nedgang elles i den nordiske kraftproduksjonen.
Samtidig var det nordiske kraftforbruket omtrent uendra. Dette førte til auka norsk eksport av elektrisk kraft. I veke 22 var den norske eksporten over 0,4 TWh. Det er den høgaste eksporten sidan veke tre i fjor.