defaultVårstølen Utleige AS har kjøpt eitt av dei to prosjekterte bygga i sentrum av Myrkdalen.
defaultVårstølen Utleige AS har kjøpt eitt av dei to prosjekterte bygga i sentrum av Myrkdalen.

Har kjøpt det prosjekterte sentrumsbygget Skabotn i Myrkdalen

Vårstølen Utleige AS har bestemt seg for å kjøpe det prosjekterte leilegheitsbygget Skabotn i Myrkdalen, like utanfor Voss. Ved tilstrekkeleg sal av leilegheiter i tvillingbygget Sendo, garanterer dette byggestart på begge bygga.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over ett år gammel.

Prosjektet med dei to leilegheitsbygga vart først lansert på denne tida i fjor. Til saman var det lagt opp til 44 leilegheiter.

– Toppleilegheita i Sendo på 193 kvadratmeter vart seld fyrst, til ein sum på over 14 millionar. Dei resterande leilegheitene ligg på ein pris frå i underkant av 4 opp til 9 millionar. Etter salet av Skabotn, står det berre att sal av om lag fem leilegheiter i Sendo før styret i Aurland Ressursutvikling kan vedta byggestart. Går alt etter planen vil arbeidet starta i mai i år, med planlagt overlevering til nye eigarar i siste kvartal i 2024, heiter det i ei pressemelding.

Vårstølen Utleige AS er eit selskap som har som formål å drive utleige i Myrkdalen.

Powered by Labrador CMS