Madeleine Bergheim
Kystverket: 42 millionar kroner i auka løyvingar
- God maritim infrastruktur er viktig for effektiv sjøtransport og for verdiskaping og busetting langs heile kysten. Regjeringa fortsetter å utvide Kystverkets verktøykasse, med utstyr og ressursar til å gjennomføre fleire oppdrag. Dette vil også bidra til å styrke sysselsettinga i leverandørnæringa.
Denne artikkelen er over fem år gammel
Dette seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen i samband med at regjeringa har foreslått ein auke på i alt 42 millionar kroner over budsjettet til Kystverket.
Dei foreslåtte midlane er fordelte slik:
- 15 millionar kroner skal brukast til å skaffe to nye arbeidsbåtar til Kystverket. Med nye arbeidsbåtar kan fleire arbeidslag bli utrusta til å gjennomføre eit breiare spekter av oppdrag. Slike båtar blir nytta til rask transport av fagarbeidarar frå land og fartøy til stader det det blir utført tilsyn, byggje- og vedlikehaldsoppdrag. Nye arbeidsbåtar er med på å gjere Kystverket meir fleksibel i planlegging og gjennomføring av oppdrag.
- 12 millionar kroner til tiltak for å gjere farleiene tryggare. Midlane skal nyttast til å fjerne eigarlause blåskjellanlegg langs kysten av Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane, og til å framskunde arbeidet med opprydding etter flaum i Aurlandsfjorden i Sogn og Fjordane.
- 15 millionar kroner er sett av til å mudre Ørakanalen ved Borg hamn i Østfold. Tiltaket vil vere med på å sikre nødvendig tilførsel av ferskvatn inn i våtmarksområdet utanfor Øra i Fredrikstad. Mudringsarbeidet er også ein føresetnad for å kunne gjennomføre utbetring av farleia inn til Borg hamn.