Knut Ragnar Heimdal frå WSP blir ny prosjektdirektør for SNR-prosjektet, og får det overordna ansvaret for leiinga av utbyggingsprosjektet.
Han skal leie utbygginga av SNR-prosjektet
WSP Norge AS får oppdraget med å bistå i den vidare utviklinga av Sjukehuset Nordmøre og Romsdal. Gjennom ein rammeavtale med Sykehusbygg HF blir Knut Ragnar Heimdal frå WSP ny prosjektdirektør og får det overordna ansvaret for leiinga av utbyggingsprosjektet.
– Med WSP har vi fått eit leiande og kompetent prosjektmiljø til å bistå oss med å realisere SNR. Eg er særs fornøyd med å få tilbod om Heimdal som ny prosjektdirektør. Han har solid leiarerfaring frå store og komplekse prosjekt som nytt St. Olavs Hospital i Trondheim og Nytt Nasjonalmuseum. Heimdal vil tilføre SNR-prosjektet gjennomføringskrafta som skal til for å nå måla våre, seier leiar for prosjektstyret Johan Arnt Vatnan, i ein pressemelding.
Styrkar prosjektleiinga
Før jul lyste Sykehusbygg på vegne av Helse Møre og Romsdal ut rammekontrakt for å styrke kompetansen og kapasiteten i SNR-prosjektet. Blant dei fire leverandørane som konkurrerte om oppdraga, er WSP Norge AS valt for innleie av prosjektdirektør og utbyggingssjef. Helge Johan Hestad får rolla som utbyggingssjef og skal ha ansvar for å følgje opp entreprenøren som skal bidra med å utvikle og bygge akuttsjukehuset på Hjelset.
–Hestad har erfaring som leiar av store og komplekse prosjekt og han kjenner helsesektoren godt. Hestad var prosjektleiar for teknikk i utbygginga av St. Olav Hospital fase 2 og prosjektleiar for bygginga av barneavdelinga ved Ålesund sjukehus, seier Vatnan.
Kontrakt med lokale firma
XPRO AS og Hammerø & Storvik Prosjekt AS er den andre leverandøren som blir tildelt ein rammekontrakt der dei kan bli engasjert ved behov i prosjektet. Dei to lokale aktørane leverte eit felles tilbod i konkurransen.
Parallelt med konkurransen om rammeavtalar lyste Sykehusbygg ut leiarstillingane som prosjektdirektør og utbyggingssjef på ordinær måte.
–Vi fekk inn søknadar også på den ordinære utlysinga, men kandidatane nådde ikkje opp mot dei fire leverandørane som kom med solide tilbod i konkurransen om rammeavtale. Eg er glad for at vi kan innstille to svært kompetente og dyktige aktørar til å forsterke SNR-prosjektet, seier administrerande direktør i Sykehusbygg HF, Terje Bygland Nikolaisen.
Karensperioden for tildelinga av kontraktane er 10 dagar og signering med dei nye samarbeidspartnarane er planlagt å skje i mars.
Dialogmøte og ny konkurranse
Tysdag 12. mars har SNR-prosjektet invitert interesserte aktørar i marknaden til eit dialogmøte på Gardermoen for å orientere om den nye konkurransen for bygging av akuttsjukehuset på Hjelset. Planen er å ferdigstille konkurransegrunnlaget i etterkant av møtet og lyse ut ny konkurranse i mars/april.
– Eg er opptatt av å sikre ei trygg og god framdrift i prosjektet. Men ny kompetanse på plass er neste mål å finne rett entreprenør til oppgåva med å realisere eit godt og framtidsretta akuttsjukehus for befolkninga i Nordmøre og Romsdal seier Espen Remme, adm. dir. i Helse Møre og Romsdal.