På landsmøtet for Fair Play Bygg Norge i Trondheim 6. mai 2024 er Audun Otterstad valt som ny styreleiar for organisasjonen. Otterstad er i dag direktør i EBA Trøndelag og styremedlem i Byggebransjens Uropatrulje.
– Eg gler meg til å ta fatt på denne oppgåva. Byggjenæringa er i all hovudsak ei næring prega av seriøse bedrifter som tar ansvar for dei tilsette, samstundes har Fair Play Bygg Norge vist at arbeidslivskriminalitet er eit betydeleg samfunnsproblem, seier Audun Otterstad i ei pressemelding frå Fair Play Bygg.
Annonse
Silje Skullerud går av som styreleiar i Fair Play Bygg Norge, men held fram i styret.
– Det har vore inspirerande og lærerikt å vera styreleiar i Fair Play Bygg. Eg held fram i styret og ønskjer å bidra med min kompetanse i det viktige arbeidet som skjer i Fair Play Bygg, seier Silje Skullerud i meldinga.
Ho peikar på at organisasjonen har fått stort gjennomslag med relativt få ressursar.
– Det er ein liten organisasjon men svært dedikerte og dyktige medarbeidarar. Fair Play Bygg har vist at a-krim er eit problem som spreier seg. Byggvarebedrageria omtalt i Bygg.no og DN.no er eksempel på dette. Når problemet breier om seg er det også naudsyn at fleire engasjerer seg for å førebyggje a-krim, sier ho.
Fair Play Bygg Norge er ein paraplyorganisasjon for regionale organisasjonar som arbeider mot arbeidslivskriminalitet (a-krim) i Noreg. Dei regionale organisasjonane dekker 8 fylke og sendte 846 varsel om a-krim i 2023 til ulike offentlege etatar.
Organisasjonen vart stifta i 2020 og har i dag desse medlemmane:
Byggebransjens Uropatrulje
Fair Play Bygg Oslo og omegn
Fair Play Agder
Fair Play Bygg Rogalan
Fair Play Bygg og Anlegg Vestland
Fair Play Bygg og Anlegg Nordland
Til informasjon er EBA eigar av Bygg og Anlegg Media AS som er utgjevar av Byggeindustrien/bygg.no.