Den Nationale Scene vert rehabilitert
Regjeringa foreslår i revidert nasjonalbudsjett for 2017 eit statleg investeringstilskot på til saman 101 millionar kroner til rehabilitering av tak og fasadar ved Den Nationale Scene i Bergen.
Denne artikkelen er over fem år gammel
– Den Nationale Scene er ein del av vår nasjonale kulturarv på fleire måtar. Institusjonen forvaltar ein av dei eldste teatertradisjonane i landet. I tillegg har bygget i seg sjølv stor kulturhistorisk verdi. No er det behov for å rehabilitere tak og fasadar, og vi vil leggje til rette for at dette arbeidet kan startast opp så snart som råd, seier kulturminister Linda Hofstad Helleland i ei pressemelding.
Regjeringa gjer framlegg om statleg investeringstilskot på til saman 101 millionar kroner til naudsynt rehabilitering av tak og fasadar for Den Nationale Scene, fordelt med 40 millionar kroner i tilskot i 2017 og 61 millionar kroner i tilsegn for seinare budsjettår.
Teaterbygget er eit av dei fremste eksempla på monumentalbygg i Jugendstil vi har her i landet, og har vore freda sidan 1993.