VERNER KULTURARVEN: Else Rønnevig får stipend for sitt arbeide med å verne gamle kulturminner. I 2013 deltok hun på Bygg Reis Deg, hvor hun sto på stand for Bygg og Bevar. (
Foto: Svanhild Blakstad)
Hedret for bygningsvern
Norsk kulturminnefond tildeler Else ”Sprossa” Rønnevig eit formidlingsstipend på kr 40.000,-
Denne artikkelen er over ti år gammel.
Det er fyrste gong det statlege fondet deler ut eit slik stipend. Overrekkelsen skjer i samband med at Rønnevig også blir tildelt Norsk kulturarvs nasjonale kvalitetsmerke Olavsrosa, i heimen sin i Lillesand i dag.
- Norsk kulturminnefond ynskjer med dette å bidra til å skapa gode haldningar i høve bygningsvern i Noreg. Vi vonar Rønnevig gjennom dette stipendet vil kunne begeistra ulike målgrupper å syne korleis det er mogleg å redda kulturarv, sjølv om mykje kan sjå håplaust ut, seier direktør Simen Bjørgen, som knapt kan tenke seg ein betre ambassadør å senda ut for å motivera eigarar av verneverdige kulturminne.
Stipendet kan nyttast til reiser og foredragsverksemd for å formidla erfaringar frå særs aktiv innsats i praktisk kulturminnevern over mange år. Rønnevig har invitert både Riksantikvaren og direktøren i Norsk kulturminnefond til å delta på deler av rundturen.
Vi ser fram til at "Sprossa" nå legg ut på ferda "Norge rundt", for å inspirera andre til å ta fatt på bevaringsoppgåver med engasjement og entusiasme, avsluttar Bjørgen.