Atomreaktoren på Kjeller Foto Morten F. Holm / SCANPIX
Budsjettet: 1,2 milliardar til opprydding etter gruvedrifta på Svalbard og dei norske atomreaktorane
Regjeringa vil løyve 388 millionar kroner til opprydding etter gruvedrift på Svalbard og 797 millionar kroner til handtering av atomavfall og atomanlegg i Viken.
I forslaget til statsbudsjett for 2022 følgjer regjeringa opp arbeidet med opprydding etter gruvedrifta på Svea og Luckefjell og dei norske atomreaktorene på Kjeller og i Halden.
Opprydding etter gruvedrift
Regjeringa vil løyve 388 millionar kroner for 2022 til oppryddingsprosjektet i Svea og Lunckefjell. Pengane vil bli brukt til å vidareføre oppryddinga i siste fase av prosjektet.
– Arbeidet med å rydde opp etter meir enn hundre års gruvedrift er eit ambisiøst prosjekt. Oppryddinga har god framdrift, og det ser no ut til at det er mogeleg å ferdigstille arbeidet eitt år tidlegare enn først anteke. Oppfølginga av oppryddingsprosjektet har framleis høg prioritet, seier næringsminister Iselin Nybø i ei pressemelding.
Handtering av atomavfall og atomanlegg
Regjeringa foreslår å auke løyvinga til handtering av atomavfall og atomanlegg med 106 millionar kroner, til totalt 797 millionar kroner i 2022.
– Oppryddinga etter den nukleære verksemda til Institutt for energiteknikk si nukleære verksemd er ei krevjande, langsiktig og kostbar oppgåve for staten. Planlegginga er godt i gang, og vi følgjer opp med dei nødvendige løyvingane, seier næringsministeren.
Av løyvinga går 382,3 millionar kroner til Norsk nukleær dekommisjonering (NND), 404,5 millionar kroner til Institutt for Energiteknikk (IFE) og 10,5 millionar kroner til Nærings- og fiskeridepartementet.