Økokyr med egen veranda
Det er rundt, det er av tre, det har naturleg ventilasjon og kyrne har eigen veranda som dei kan bruke heile året. Det nye fjøset som vart opna på Tingvoll gard fredag er det første i sitt slag i landet.
Fjøset vart opna av styreleiar i Bioforsk, Bjørn Iversen. Bioforsk har vore med på finansieringa, sidan forskingsinstitusjonen vil bruke fjøset til demonstrasjon og forsking.
- Eg er svært glad på Bioforsk sine vegner at eg fekk lov til å opne Norsøk sitt fjøs. Ved Bioforsk Økologisk blir det drive svært godt, både fagleg og økonomisk, sa styreleiaren i Bioforsk.
Han la til at det nye fjøset er svært eigna for tilrettelegging for forsking. Bjørn Iversen peika spesielt på biogassanlegget som blir bygd i tilknyting til fjøset.
Gardbrukarane Anne de Boer og Erik Lindhart er også svært fornøgde med det nye fjøset. Dei driv garden gjennom ein avtale med stiftelsen Norsk senter for økologisk landbruk (Norsøk), som eig garden.
Veranda mot sør
I planlegginga la ein vekt på at fjøset skulle vere eit modellfjøs som kunne byggast til familiebruk.
Fjøset på Tingvoll gard er bygd til 25 mjølkekyr, åtte kviger eller sinkyr og om lag 30 ungdyr. Den runde forma har ein valt fordi det er bra arealutnytting, og fordi forma sannsynlegvis har ein god effekt på korleis kyrne beveger seg i lausdriftsfjøset. Dette er det første runde fjøset for mjølkekyr i Norge.
- Det finst andre runde fjøs, men ikkje for mjølkekyr, sa Ebbesvik. Ho oppfordrar alle som er nysgjerrige til å kome og sjå sjølv.
Elles er all innreiing i tre. Det fører til at det blir eit behageleg innemiljø for folk og fe. Både kalvar, ungdyr og mjølkekyr har tilgang på lufting heile året. Og verandaen for dyra er lagt mot sør, slik at dyra kan kose seg i sola når den er framme. Dessutan har ein lagt til rette rundt fjøset med opparbeidde fegater, slik at kyrne skal få god tilgang på beite.
På grunn av dyrevelferd har ein også investert litt ekstra i madrassar til kyrne.
- Derfor har kyrne fått ein luksusvariant av kumadrassar, seier Sørheim, som er svært fornøgd med resultatet.
Miljøvennleg
Det er lagt stor vekt på miljøvennleg byggemateriale. Derfor er det brukt så mykje tre.
- Vi la også vekt på at det skulle vere areal- og kostnadseffektivt, og vi satsa på eit uisolert fjøs med naturleg ventilasjon, fortel Ebbesvik. - Vi har også planlagt slik at logistikk for folk og dyr skal vere best muleg. Dessutan måtte vi ta omsyn til at det skal kunne drivast forsking og forsøk i fjøset.
Det er to gjødselsystem i fjøset, og ekstra bingar og høve til å dele opp kyr i grupper. Dette for å gjennomføre forsøk.
Ein har også lagt vekt på at fjøset på Tingvoll gard skal kunne vise andre bønder løysingar dei kan bruke. Derfor er det bygd eit eige besøksrom, og elles lagt til rette for besøk.
Les også om en helt ny bok om økologisk kjøkkenhage her.