Bedre pollinering av rødkløver

Manglande pollinering er eit stort problem i produksjonen av kløverfrø og dermed også for den norske matproduksjonen som treng kløver i dyrkinga av grovfor. No skal forskarar ved Bioforsk bidra til å sikre tilgangen på norskprodusert raudkløverfrø ved hjelp av humler og honningbier.

Denne artikkelen er over ti år gammel.

- Kløver fikserer nitrogen frå lufta og er sjølve motoren i økologisk landbruk, men også svært viktig for konvensjonell grovfôrbasert produksjon, fortel Lars Tørres Havstad ved Bioforsk Landvik, ekspert på dyrkingsteknikk ved produksjon av frø av gras og kløver.

I Noreg har ein i seinare år sett stadig lågare frøavlingar av raudkløver. Av eit årleg behov på 130-140 tonn, blei mindre enn halvparten dekt av norsk frøavl i perioden 2009-2011.

- Årsaka til nedgangen er samansett, men heng trolig saman med færre naturlege pollinatorar på grunn av blant anna innskrenkingar i leveområde, større monokulturar, meir bruk av insektmiddel og andre miljøpåverknadar, seier Havstad.

Ettersom alle kløverplantene er sjølvsterile, er dei heilt avhengig av insektpollinering, som dei fleste eple-, pære- og plommesortane og mange andre frukt- og bærslag.

- Utan pollinering blir det ingen frø. Kløveravlingane har i seinare tid blitt så mykje dårlegare at ein må tak i dette, seier han.

No skal Havstad leie det fireårige Bioforsk-prosjektet ‘Betre pollinering av raudkløver ved hjelp av humler og honningbier’, der målsetjinga er å sikre tilgangen på norskprodusert raudkløverfrø ved hjelp av betre pollinering. Andre viktige samarbeidspartnarar i prosjektet er bl.a. Norsk Institutt for naturforskning (NINA), Bombus Natur AS og Norges birøkterlag.

Landskap
- Først vil vi sjå på kor mykje landskapet rundt norske gardar betyr for utbreiinga av ulike pollinatorar, seier Havstad.

- Vi har færre monokulturar i Noreg enn land lenger sør. Danmark har for eksempel mykje større monokulturar utan skogsareal, og det er ikkje sagt at denne variabelen har like mykje å seie her, legg han til.

Ifølgje Havstad vil utvalde gardar med raudkløveravl bli følgd gjennom prosjektperioden. På denne måten kan ein undersøkje kor stor del av pollineringa som er avhengig av tilhøva der den einskilde frøprodusenten bur, og kor mykje han sjølv kan gjere for å auke pollineringa i felta sine.

Viktige pollinatorar
Dei viktigaste pollentransportørane er humler og bier som begge samlar pollen frå raudkløverblomstane for fôring av avkommet sitt. Raudkløver er også rik på nektar, men denne ligg vanskeleg tilgjengeleg i botnen av kronrøret.

Nektaren er hovudnæringa til pollinatorane, og det er normalt berre humleartar med lang tunge som rekkjer ned til næringa. Dessverre har tilbakegangen av pollinatorar særskilt ramma mange av dei langtunga humleartene, ifølgje Havstad.

- Ein viktig del av prosjektet er å utvikle ein metode for kommersiell produksjon av humlebol med langtunga artar til bruk i kløverfrøavlen. Jordhumler har blitt brukt i veksthus for tomat tidlegare, og ein del av kunnskapen og erfaringane frå dette kan overførast. Men hage- og åkerhumler har aldri blitt sett ut i feltet før, og det har heller ikkje blitt gjort slike forsøk i forhold til raudkløver, fortel han.

Ulike tiltak
Forskarane vil også fokusere på å gjere honningbiene meir effektive som pollensamlarar ved å bruke yngelklasser og ved å installere pollenfeller som fjernar ein del av det innsamla pollenet ved inngangen til kuba.

- Til slutt vil det bli undersøkt i kor stor grad vanleg brukte insektmiddel på gardar med frøavl av raudkløver har negativ verknad på langtunga humler. - Snutebiller og andre skadedyr er eit aukande problem her i landet, og det er en del frøavlarar som insektsprøyter frøengene sine. Men ein veit fortsatt lite om midlenes repellerande verknad og korleis reproduktiviteten hos dei langtunga humlene blir påverka på lengre sikt, legg Havstad til.

Samarbeider med næringa
Han fortel at næringa sjølv har vore pådrivarar i dette arbeidet og gått inn med betydelege midlar i prosjektet. Forskarane er også avhengig av frøavlarane for gjennomføringa:

- For å utføre forsøka er vi avhengig av eit godt samarbeid med kløverfrøavlarane, og i samråd med såvareselskapa og Norsk frøavlarlag vil vi kontakte aktuelle deltakarar. Vi ser også fram til å informere om prosjektet på ein større kløvermarkdag til sommaren, seier han.

Havstad håper at prosjektet vil kunne være eit bidrag til å snu den negative avlingstrenden for raudkløver.

- Dei kløversortane vi bruker i dag er tilpassa det norske klimaet. Frøavl kan ikkje flyttast. Vi må betre kompetansen og få vekst. Om ein skal nå målet med 15 prosent økologisk landbruk i Noreg, er kløver avgjerande, understrekjar han.

Powered by Labrador CMS