Leitar etter gift i biemat
Kan plantevernmiddel som blir brukt på frø skade bier som syg nektar frå den vaksne planten? Det skal ein rapsåker ved Bioforsk Vest på Særheim vonaleg gje svar på.
Det har vore ein hektisk seinsommar i drivhuset på Særheim. Væpna med pinsett og tynne rør har forskarar gått rundt i rapsåkeren og samla nektar og pollen som no ligg til analyse, så ein kan sjå om det finst spor av insektmiddelet imidakloprid i dei.
- Vi måtte øve mykje på teknikken. Biene er nok flinkare enn oss, vedgår prosjektleiar Trine Eggen.
Raps er biefavoritt
Ei tidleg prøveavling gjorde forskarane nervøse for om plantane ville produsere nok nektar, og mykje energi gjekk med til å uroe seg for veksttilhøva og finne ein god haustingsmetode. Men då den eigentlege forskingsavlinga, ein innandørs rapsåker, sto i blomst i august, såg alt bra ut. Faktisk så bra at den første nektaren gjekk rett i magen på ein sverm humler som hadde teke seg inn gjennom ei lufteluke og hatt fest i blomehavet. Forskarane måtte vente eit par dagar før dei kunne hauste nektar til seg sjølve.
Rapsplantane kom frå frø som var ferdig beisa, som det heiter, med imidakloprid.
- Imidakloprid er ikkje veldig mykje brukt i Noreg, men det er svært utbreidd globalt. I Noreg er det godkjent til bruk på nokre typar frø, mellom anna raps og potet, og til innandørs bruk ved hobbydyrking og i veksthus. Bier er svært glade i rapsblomar, og difor valde vi å undersøke raps i dette forsøket, seier Marit Randall. Ho er seniorrådgjevar i Mattilsynet, som har bede om undersøkinga.
Planten fordeler insektgifta
Det er Mattilsynet som godkjenner alle plantevernmiddel som skal seljast og brukast i Noreg, og resultatet vil difor vere med på å avgjere om godkjenninga for bruken av imidakloprid skal endrast.
Verkestoffet imidakloprid tilhøyrer ei gruppe plantevernmiddel som blir kalla neonikotinoid, og som var utvikla på byrjinga av 90-talet. I motsetnad til insektmiddel som berre tek knekken på insekt under eller rett etter sprøyting, blir neonikotinoidane transportert gjennom planten medan han veks, slik at insekt får gifta i seg når dei syg plantesaft.
- Ein har ikkje trudd at gifta når pollenet og nektaren i særleg grad, men det er viktig å få undersøkt dette nærare. Vi veit at imidakloprid er svært giftig for bier, det er ein av verstingane, seier Trine Eggen.
Difor er det heller ikkje lov å bruke imidakloprid til utandørs sprøyting i Noreg. Men det er stor uvisse knytt til akkurat korleis stoffet blir teke opp og transportert i ulike plantar.
Blir plantane lurt?
- Tidlegare har vi mellom anna undersøkt korleis plantar tek opp legemiddel, som kan bli tilført jorda gjennom avlaupsslam, og då fann vi at raps hadde eit høgare opptak enn andre plantar. I forskinga vår ser vi at det er noko spesielt med raps og rapsfrø, og då lurer vi jo på om overføring av imidakloprid til nektar og pollen også kan vere høgare i raps, seier Eggen.
Mellom anna spekulerer forskarane på om imidakloprid eller nedbrytingsprodukt frå imidakloprid inneheld stoff som liknar dei planten sjølv produserer gjennom stoffskiftet, og som dermed kan lure planten til å sleppe desse framande substansane inn i systemet sitt i større grad enn andre plantar.
- No er ikkje dette tema for det prosjektet vi held på med no. Men når ein er forskar, og ein ser at bestanddelar i eit stoff liknar svært på andre stoff som planten lett tek opp, då ringjer det jo ei bjelle. Det er store skilnader både mellom plantar og mellom artar, og vi veit ikkje alltid korleis eit stoff oppfører seg i planten, seier ho.