Rapsolje og grønsåpe effektivt mot bringebærbladmidd

- Forsking innan økologisk bringebærdyrking har vist at rapsolje og grønsåpe gir vel så gode resultat mot bringebærbladmidd som konvensjonelle middmiddel, sier forskar Nina Trandem ved Bioforsk Plantehelse..

Denne artikkelen er over ti år gammel.

Sprøyteteknikken har likevel mykje å seie for resultatet, understreker Trandem.

- Haustsprøyting er effektivt mot bringebærbladmidden. Det viser forsøka som er gjennomført, fortel Nina Trandem.

-Gjennom fleire feltforsøk på Vestlandet har vi dei siste åra dokumentert at to sprøytingar med rapsolje og grønsåpe eller svovel på stenglane om hausten tek knekken på ei mengd av dei overvintra middane kring knoppane.

Rune Vereide i rådgjevingstenesta i Sogn og Fjordane er ikkje i tvil. Rapsolje og grønsåpe er effektive botemiddel mot bringebærbladmidd. Han understrekar at det er viktig å arbeide med korleis ein tek kunnskapen som er utvikla i bruk.

Økologiske metodar
- Det ustabile vêret på Vestlandet er ei utfordring, seier Vereide. Han understrekar at sprøyting med grønsåpe og olje er mest effektivt når alle blada har falle av.

Han meiner også at det kan vere aktuelt å gje bringebærbuskane denne behandlinga midt på vinteren, dersom det ikkje kan gjerast på hausten.

-Vi treng meir forsking på økologiske metodar, seier forskingssjef Atle Wibe ved Bioforsk Økologisk. Wibe seier at ein etter kvart kan finne fleire effektive metodar for å kontrollere skadegjerarar utan å bruke gift. Han gler seg over resultata med rapsolje og grønsåpe.

-Om vi skal få bukt med all giftbruk i landbruket må det ein formidabel forskingsinnsats til, seier Wibe. Han etterlyser større satsing på dette området i landbruket. Sjølv leier han eit stort internasjonalt prosjekt (Softpest Multitrap) som ser på bruk av feller mot skadedyr.

Like god effekt
- Effekten av haustbehandling med grønsåpe og rapsolje er minst like god som den vi har registrert etter bruk av vanlege middel før blomstring i konvensjonelle felt. Metoden gir så gode resultat at konvensjonelle dyrkarar også har teke den i bruk, fortel Nina Trandem ved Bioforsk Plantehelse.

-Sprøyteteknikken har mykje å seie for resultatet, seier landbruksrådgjevar Marianne Bøthun i Sogn og Fjordane.

- Vi frårår bruk av svovel i vekstsesongen. Det har vist seg å kunne gje for mykje sviskade på blad. Olje pluss såpe kan også brukast i låg dosering (1 %) mot veksthusspinnmidd i vekstsesongen, men dette har ikkje stor effekt mot bladmidd på blada. Haustsprøyting er mykje meir effektivt mot denne skadegjeraren, seier Nina Trandem.

Powered by Labrador CMS