Primula waltonii er et glimrende eksempel på en blomstrende staude som vil trives godt både under epletreet, i krukker på nordvendt balkong, og i skyggefulle blomsterbed. Foto: OBP
Med rosa eller rødere blomster overvelder fagerbusk (Weigela) oss med et vell av blomster ved høysommer. Foto: OBP
Stauden bronseblad, Rodgersia, er en av mange som blir flotte i skyggen. Foto: OBP
Nydelig duft og overveldende blomstring i hagen med skjærsmin. Foto: OBP
Høstblomstrende staudebed – frodighet i stort bed der flere stauder får vokse sammen. (Foto: OBP)
Årets staude 2015 er hvitt mørkkongslys; en plante med frodige, lyse blomsterspir.

– Stauder er hagens magi

Her får du tips om gode stauder som trives på skyggefulle steder i hagen.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over fem år gammel

– Stauder er hagens magi - hver høst visner de ned, men nede i jorden finnes liv. Når våren kommer gror de frem igjen. Frodige hager og krukker kjennetegnes ofte av god bruk av stauder, sier Tove Ladstein, informasjonsansvarlig i Opplysningskontoret for blomster og planter, OBP.

Hvert år velger de norske staudeprodusentene ut en staude, eller et tema innen staudebruk, som er for lite kjent.

Ifølge en pressemelding vil staudegruppa i Norsk Gartnerforbund i år settte fokus på bruk av stauder for skuggefulle stader. Mange av dei plantene vi kjenner, vil gjerne ha sol minst halve dagen for å bløma og trivast. Men det finst og sortar som trivst betre i skugge, -eller krev skugge for ein god vekst og utvikling. Skugge, i denne samanhengen, kan vera ein veksestad der det berre er sol ein time eller to til ein stad der det er djup skugge frå bygningar, gjerde eller overhangande tre og buskar.

Plantesortimentet som trivst i halvskugge/skugge vil for det meste ha ei langt meir beskjeden bløming enn kva som er tilfelle for sortimentet for full sol. Likevel, mange stauder som trivst i skugge, har dekorativt bladverk, og ei god samplanting med ulike bladformer, struktur og fargar skapar vakre og frodige plantingar. Sjølv om desse staudene og blømer, er det bladformene og kontrastane i bladverket som fangar merksemda og som gjer dette til attraktive plantingar gjennom heile sesongen.

Under tre og buskar, det det er bra med lys tidleg vår, kan ein tilføra plantinga meir liv og farge ved å bruka tidlegblømande løkar. Lengre ut på våren, når lauvet skapar skugge, er løkplantene på hell og ferdige med bløminga. Då er det dei skuggeelskande bladstaudene som overtek arenaen og gøymer det som står att av visnande løkplanter.

Døme på slike løkar er: Vinterblom (Eranthis), krokus, (Crocus), blåstjerne (Scilla), perleblomst (Muscari), snøklokke (Galanthus) og påskeliljer (Narcissus). Det finst nokre få skuggetolande staudeslag som blømer før lauvsprett og som hjelper til med å farge tidleg vår. Døme på dette er lungeurt (Pulmonaria angustifolia), kusymre (Primula vulgaris), kvitveis (Anemone nemorosa-kultivarar) og blåveis (Hepatice nobilis).

Døme på stauder som trivst i skugge:

Låge stauder (opp til 40 cm)

Aruncus aethusifolius - Koreaskjegg
Asarum europaeum - Hasselurt
Bergenia ssp - Hjartebergblom
Brunnera macrophylla - Forglemmegeisøster
Carex morrowii - Japanstarr
Corydalis - Lerkespore
Epimedium x rubrum - raud bispelue
Geranium macrorrhizum - Rosestorkenebb
Hakonechloa macra- Hakonegras
Helleborus- Julerose
Hosta ssp - Bladlilje, små og mellomstore
Lamium maculatum - flekktvetann
Pachysandra terminalis- Vinterglans
Pulmonaria angustifolia - Lungeurt
Saxifraga umbrosa - Skyggesildre
Smilacina racemosa - Klasefjør
Tiarella cordifolia - Klaseskumblom
Waldsteinia temata Sibirmuregull

Høge stauder (meir enn 40 cm )

Astilboides tabularis- Skjoldblad
Dryopteris filix-mas - Ormeteig
Hosta ssp - Bladlilje, store sortar
Ligularia - nøkketunge
Lilium martagon - krøllilje
Matteuccina struthiopteris - Strutseveng
Onoclea sensibilis - Perlebregne
Polygonatum multiflorum - Storkonvall
Rodgersia spp - bronseblad

Powered by Labrador CMS