Megakrana er montert ved Randklev bru. Foto: Andrew Jørgensen, Bane Nor
Megakrana er montert ved Randklev bru. Foto: Andrew Jørgensen, Bane Nor

Bane Nor har montert megakran

Arbeidet med å montera megakrana ved Gudbrandsdalslågen som skal løfte opp elementa frå Randklev bru starta måndag, og Bane Nor er no ferdig med arbeidet.

Det er leverandøren av krana, BMS Heavy Cranes AS, som har montert den og det er Crane Norway som skal løfta bruelementa opp frå elva. Delane til krana kom på meir ein 80 lastebilar mellom torsdag og søndag førre veke.

Bane Nor har montert ei webkamera kor ein kan følge arbeidet

Bruelementa til Randklev bru blir løfta opp av Gudbrandsdalslågen og lagt på land i veke 44.

– Me førebur no løfteoperasjonen av dei to bruelementa, som kvar veg 270 tonn. Dette er neste steg for å sørgja for at folk skal kunna reisa miljøvennleg med tog gjennom Gudbrandsdalen igjen. Til å hjelpa oss med dette har me måtta leiga ei stor kran frå Danmark då det ikkje finst store nok kraner til ein slik løfteoperasjon i Noreg, seier banedirektør Eivind Bjurstrøm i Bane Nor i ei pressemelding.

Krana som skal nyttast er ein Liebherr LR 11350. Den kan løfta 1.350 tonn. Megakrana kjem i mange delar, og blir frakta på lastebilar til Ringebu. Der blir den montert, og skal stå på ei utfylling i Gudbrandsdalslågen slik at ho kan løfta bruelementa på land.

Den store krana har ei totalvekt på cirka 1.450 tonn, og blir operert av ein sjåfør som sit inne i krana. Ein Supervisor er på plassen og dirigerer han.

Kranbommen, som skal løfta bruelementa, har ei lengd på 84 meter. Den har ein kløftekapasitet på 329 tonn på 58 meter, som er avstanden frå senter kran til løfta, det vil seia den midtarste bruseksjonen til Randklev bru.

Den store krana kom med lasteskipet Wilson Flew IV til Ormsund kai i Oslo Havn onsdag kveld førre veke.