Hytte heim nummer to

Det er trendy med hytte som heim nummer to. Difor kjem også hyttemarknaden til å halde seg. Det meiner Finn Tveter, direktør i Norges Eiendomsmeglerforbund, skriv Sunnmørsposten.

Denne artikkelen er over ti år gammel.

- Vi får ei utvikling der folk jobbar tre-fire dagar i veka i byar/tettstader og tek med seg jobben på hytta der dei kan surfe med breiband, uttaler Finn Tveter til Hyttemarkedet.no. Han trur at hytta som ein andre heim nærare naturen, er ein marknad som vil utvikle seg. Mange har leilegheit nær byen og jobben, og den andre heimen ligg nær fasilitetar som golf og slalåm. Også adm. dir. i Boligprodusentenes Forening, Per Jæger, trur at mange investerer i hytte som sin andre bustad. - Vi ser at det er ein trend at folk heller har fritidsbustad enn einebustad og bruker meir tid på hyttene. Vi ser også at det blir stadig meir vanleg å bruke fritidsbustadene i jobbsituasjon, seier Jæger. Hyttemarknaden har vore god siste åra, men ingen av ekspertane som Hyttemarkedet.no har snakka med, meiner at denne marknaden er ei sprekkeferdig boble. Sjefsøkonom i Prognosesenteret, Kjell Senneset, trur at marknaden vil halde seg på om lag same nivå dei neste to åra.

Powered by Labrador CMS