Ill. Nordplan
Skanska bygger Helse Førdes nye Bygg Aust
Den samla prislappen er over 140 millionar kroner, og arbeidet startar rett over nyttår.
Hovudentreprisen til Helse Førdes nye Bygg Aust gjekk til Skanska AS. Firmaet Ivest Consult er innstilt som ansvarleg for byggjeleiinga i prosjektet.
Til saman 25 tilbod kom inn på dei sju delentreprisane i prosjektet. Anbodet har hovudentreprise med sidestilte tekniske entreprisar. Tildelinga er basert på ei samla vurdering av pris, kompetanse og erfaring. For alle tildelingane er det klagefrist fram til 8. desember 2012.
For Helse Førde vil bygget bli spesielt viktig som avlastingsbygg ved framtidige utvidingar og ombyggingar på sjukehuset, og bygget blir såsleis ei viktig brikke for realisering av utviklingsplanen og arbealplanen i Helse Førde.
Bygg Aust skal også huse eit lokalmedisinsk senter med funksjonar som legevakt, legevaktsentral, døgntilbod for øyeblikkeleg hjelp og overgrepsmottak for kommunar i IndreSunnfjord og Ytre Sogn.
Bygg Aust skal etter planen stå klart for innflytting 1. juli 2017.
Dette er entreprisane som no er tildelt:
E01 Bygningsmessig arbeid (inkl. utomhusarbeid): Skanska AS, Florø
E02 Elektro: Bravida AS, Florø
E03 Heis: Heis1 AS, Hordaland
E04 Rør: Klima og Rørteknikk AS, Førde
E05 Sprinkler: Klima og Rørteknikk AS, Førde
E06 Luft: GK Norge AS, Førde
E07 Automasjon og SD-anlegg: Bautec AS, Hordaland